BU-prisen 2011 Telemark
Håvardsrud Seterliv tildeles Bygdeutviklingsprisen for 2011 i Telemark. Prisen på 50 000 kr er en bedrifts-og næringsutviklingspris for bedrifter eller personer som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.
Alle på Håvardsrud er stolte over at me fekk tildelt denne prisen i dag. Me har lagt ned mykje arbeid og vil sjølvsagt jobbe vidare for å få til gode opplevingar og matprodukt på Mydalen!
Gardsmat fleire produktNytt i 2010 var at me hadde fleire produkt på setra i tillegg til våre eigne produkt. På bilete ser de smøret vårt, smør frå kyr på fjellbeite. Her var det kortreist mat som, brau, ost, kjøt, egg og honning. Salget har gått strålande, Lega ost og brunost frå Stordalen gjekk unna saman med honningen frå Torkildsbøen. Av eigne produkt selde me mange liter rjome, mykje smør, seteregg og den knaosten som eg fekk til. T-skjurter med "E kan mjølke, kan du" var også populært. |
Fabelaktig setersommar!Me kan sei hurra for ein flott setersommar sjølv om veret har vore temmeleg vått. 4 Kyr fekk vont i eitt bein kvar, men dei vart nokså fort friske att etter rett behandling. Dei mjølka godt til langt ut i juli, men i august slo nok veret inn slik at det vart mindre mjølk. I år har me hatt frå 11 - 9 kyr som har mjølka. Me har fått tre kalvar på staulen. Ferdinan kom med 8 tiskodarar ein sein fredag kveld. Veldig moro å dele slike opplevingar med gode hyttenaboar og andre gjester. Kaninene såg ut til å like alt besøket på taket av gamlebue og kje og lam hadde det moro med alle ungane som leika med dei. Pippa var yndlingen til mange og fekk tilnamnet sirkusgeita. Tov, Irdi og Nils Ole jobba ute med dyr og gjerding og var framifrå dyreguidar! I kafeen har Aslaug, Helle, Kristine og Nora gjort ein flott jobb og servera litervis med rjomegraut og haugevis med koku. Ingebjørg har så smått byrja å lære seg kunsten med kvitost og brunost i det nye ysteriet. Me har hatt så mange koselege gjester på dagtid og ikkje minst i hyttene. Hingstefolen Blakken var heilt sikker på at han var verdas viktigaste hest, men utover sommaren roa han seg litt ned. Lilja, Hornijenta, Tussa og Nora fekk mange turar med smilande ungar og vaksne på ryggen. Dei fleste turane gjekk etter hyttevegane sidan det var så vått på fjellet. Neste år håpar me på mindre regn, men like gode besøk, takk for i sommar! Ta med deg gjengen på setertur!
|




Mange har vore innom oss i løpet av åra både små og større grupper som ynskjer ein spesiell dag med lukt, lyd og smak som berre kan opplevast på ei levande seter. De kan få omsyning på setra, lære om drifta, sjå film frå svunne tider og smake maten me lagar. Ikkje skjeldan får de med ein kulokk eller eit seterstev. Til slutt kan de få med dykk heim produkt frå setra og andre lokalmatprodusentar! For bestilling og opplegg ring budeia 95059725 eller send ein e-post
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
. Hjarteleg velkomne skal de vera!