Seterferie i sommar
Dyra
9 Mjølkekyr NRF og Telemarksku. Kalvar, kje, lam, høner, tre grisar, tre hestar, kaniner og ender. Me har 17 kjuklingar og 4 andungar, seterhundem Max er også på plass. Under opphaldet kan de vera med budeia på mjølking, henting av kyr, foring og stell av dei andre dyra. Kaninene har beite på taket av seterbua og her er det fint for ungane å sitja å klappe dei! Rideturar i skog og fjell kan tingast på førehand. Ridetur frå setra er ikkje som dei fleste andre stader. Her fylgjer me dykk på gamle stigar gjennom skog og opp i fjellet til flott utsikt og med utfordringar i terrenget. For dei som vil ta det litt meir forsiktig leier me etter vegane rundt setra. Ridetur 30. min kr 150, 1 time kr 220. Vil du lære å lage smør på gamlemåten kan det og tingast på førehand kr 400, + kilopris om de vil ha med alt smøret heim
.
Ledige veker 32 og 33. Du kan bestille opphald i 6 dagar eller mindre om det passar betre. send meg ein e-post eller ring: 95059725
pris for ei veke er kr 4500.
Me har også ei hytte for kortidsopphald, Plassen. Plassen ligg på ei hylle over setervollen, med fantastisk utsikt over skog og fjell, men best av alt er at de kan nyte morgonsol og sjå dyra på setervollen! Plassen har 4 senger, vatn utanfor døra, do og pumpedusj inne. Her er innlagt straum, komfyr og kjøleskap. Pris for ei natt er kr 700. Her er det eindel ledige netter enda, ring budeia 95 05 97 25!
Hardangerviddas favoritt 2009På Fjellmatfestivalen Laurdag 14.11.09 fekk Håvardsrud Rakørret flest stemmer og vart kåra til Hardangerviddas favoritt 2009. Vilhelm og Gudbrand er nok to stolte fiskarar no! Hytter ledigeNo har me 3 hytter ledige. Våren på fjellet er intens og vakker, noko du kan få med deg frå hyttene våre.Plassen med 4 senger kostar 1100 kr for ei helg og 2000 for ei veke. Mydalen har 6 sengeplassar og det er 1100 for helg og 2000 for ei veke.Begge hyttene har internett, straum og tv. Det er ikkje innlagt vatn, men ikkje langt å hente vatn. Plassen har pumpedusj. Plassen ligg 200 m frå parkering og Mydalen 100 m. Mågebu har eigen parkering og her er det også innlagt vatn. Dette er nok den koselegaste hytta sidan det er ei gamal seterbu med der kjøkenet har 2 senger og stogo har peis sofa og spisestue. Det er også eit soverom med 4 senger og pumpedusj og vask i gongen. kr 1100 for helg og 2000 for ei veke. Desse prisane gjeld utanom setersesong.
|
Håvardsruds rakefisk på NRKNRK var i forrige sesong med og filmet brødrene Gudbrand og Vilhelm Håvardsrud da årets rakefisk ble laget. Dette kan du se på NRK1 27. oktober kl 1955.
Følg brødrene på fiske på Langesjøen og fram til de blir "Hardangerviddas favoritt". Les mer hos NRK. |




