Hytter ledige
No har me 3 hytter ledige. Våren på fjellet er intens og vakker, noko du kan få med deg frå hyttene våre.Plassen med 4 senger kostar 1100 kr for ei helg og 2000 for ei veke. Mydalen har 6 sengeplassar og det er 1100 for helg og 2000 for ei veke.Begge hyttene har internett, straum og tv. Det er ikkje innlagt vatn, men ikkje langt å hente vatn. Plassen har pumpedusj. Plassen ligg 200 m frå parkering og Mydalen 100 m. Mågebu har eigen parkering og her er det også innlagt vatn. Dette er nok den koselegaste hytta sidan det er ei gamal seterbu med der kjøkenet har 2 senger og stogo har peis sofa og spisestue. Det er også eit soverom med 4 senger og pumpedusj og vask i gongen. kr 1100 for helg og 2000 for ei veke. Desse prisane gjeld utanom setersesong.
Ein stad å koma til for å feire. Hit kan du ta med selskapet, me har lokale for fest. Her kan me ordne til mat og moro og etterpå kan de gå til hyttene.
Ring
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
for bestilling av hytte eller tips om aktivitetar og turar i området, tlf. 95059725
Hytteutleie

