Nyhetsvisning
Livet på setervollene
  • Nytt år, daud rev
    Ja overskrifta tyder nok at dett kan bli eit bra år for fjærkre på garden. I dag tidleg då eg...
  • Snart advent
    Hei alle vener her på Håvardsrud har det skjedd mykje på babyfronten i det siste syster mi har fått ei...
  • Rakefisklag til den store gullmedalje
    Medan eg har vore heime i stogo i dag har det regna ute. Det er slaps på vegen og ikkje...
Været på setra
yr.no rss - Dakkeset
Håvardsruds rakørret
Hjem Nyhetene Seterferie i sommar

Seterferie i sommar

Dyra
9 Mjølkekyr NRF og Telemarksku. Kalvar, kje, lam, høner, tre grisar, tre hestar, kaniner og ender. Me har 17 kjuklingar og 4 andungar, seterhundem Max er også på plass. Under opphaldet kan de vera med budeia på mjølking, henting av kyr, foring og stell av dei andre dyra. Kaninene har beite på taket av seterbua og her er det fint for ungane å sitja å klappe dei! Rideturar i skog og fjell kan tingast på førehand. Ridetur frå setra er ikkje som dei fleste andre stader. Her fylgjer me dykk på gamle stigar gjennom skog og opp i fjellet til flott utsikt og med utfordringar i terrenget. For dei som vil ta det litt meir forsiktig leier me etter vegane rundt setra. Ridetur 30. min kr 150, 1 time kr 220. Vil du lære å lage smør på gamlemåten kan det og tingast på førehand kr 400, + kilopris om de vil ha med alt smøret heim
.
Ledige veker 32 og 33. Du kan bestille opphald i 6 dagar eller mindre om det passar betre. send meg ein e-post eller ring: 95059725
pris for ei veke er kr 4500.

Me har også ei hytte for kortidsopphald, Plassen. Plassen ligg på ei hylle over setervollen, med fantastisk utsikt over skog og fjell, men best av alt er at de kan nyte morgonsol og sjå dyra på setervollen! Plassen har 4 senger, vatn utanfor døra, do og pumpedusj inne. Her er innlagt straum, komfyr og kjøleskap. Pris for ei natt er kr 700. Her er det eindel ledige netter enda, ring budeia 95 05 97 25!

Sist oppdatert (torsdag 22. juli 2010 20:03)