Nyhetsvisning
Livet på setervollene
  • Nytt år, daud rev
    Ja overskrifta tyder nok at dett kan bli eit bra år for fjærkre på garden. I dag tidleg då eg...
  • Snart advent
    Hei alle vener her på Håvardsrud har det skjedd mykje på babyfronten i det siste syster mi har fått ei...
  • Rakefisklag til den store gullmedalje
    Medan eg har vore heime i stogo i dag har det regna ute. Det er slaps på vegen og ikkje...
Været på setra
yr.no rss - Dakkeset
Håvardsruds rakørret
Hjem Nyhetene

Nyhetene

Seterlivet så langt i sommar

No har me vore på setra sidan 16 juni og alle trivast. Aldri før har det vore så mange dyr her på Mydalen og aldri før så mange gjester. Taket på Gamlebue har fått meir torv sidan det jamt er fullt med små og store som klappar kaninene. Dei fleste finn sitt favorittdyr om det så er Gisle og Grete, Stakur, rosalin eller Blåne. No er dei nyfødde kalvane eit syn og gode og stryke på. Endene kjem når me plystrar og hestane likar seg godt med nye rytterar. I den nye gardsmathylla har me honning, eplemost i flaske, Øyfjell brau, produkt frå Haugen Treindustri og fine t-skjurter for barn og vaksne. Me har også spekemat og andre lokalprodusera kjøtvarer. Me har fått fleire høner, men ikkje nok tydlegvis for seteregga forsvinn tidleg på morgon. Smøret og rjomen er også veldig populære samt geitosten frå Stordalen og Øyfjell. Det er moro å servere den feite gode rjomegrauten og prima spikjikjøt frå Fjellsmak og Spekeburet i Uvdal, koku med rørde jordbær og rjome er også ein slager. Me som jaobbar her set pris på dei blide gjestene som har god tid og kosar seg! Budeia har hatt med seg familiar på mjølking og henting mest kvar kveld det er stas!

Sist oppdatert (torsdag 22. juli 2010 20:17)

 

Gardsmat fleire produkt

Nytt i sommar er at me vil selja fleire produkt på setra i tillegg til våre eigne produkt. Her blir det produkt som, brau, ost, kjøt, egg og honning.

Sist oppdatert (torsdag 22. juli 2010 20:18)

 

Ta med deg gjengen på setertur!

Mange har vore innom oss i løpet av åra både små og større grupper som ynskjer ein spesiell dag med lukt, lyd og smak som berre kan opplevast på ei levande seter. De kan få omsyning på setra, lære om drifta, sjå film frå svunne tider og smake maten me lagar. Ikkje skjeldan får de med ein kulokk eller eit seterstev. Til slutt kan de få med dykk heim produkt frå setra og andre lokalmatprodusentar! For bestilling og opplegg ring budeia 95059725 eller send ein e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen . Hjarteleg velkomne skal de vera!

Sist oppdatert (torsdag 20. mai 2010 19:58)

 

Feiring hjå seterliv

Vil du gjera feiringa spesiell kan du ta med deg heile selskapet opp til Håvardsrud Seterliv. Her har me eit koseleg lokale som høver godt til selskap for 15 - 45 gjester. Me kan by deg på god tradisjonsmat laga av lokale råvarer. Mange selskap har også hatt middag og feiring på kvelden og eg har laga til frukost dagen etter. Eit anna alternativ er at de leiger hytter og selkapslokale og ordnar til sjølve. For 1 dag kostar det 1500 for å disponere serveringslokale ei helg kostar dette 2300. De kan sende meg ein e-post eller ringe meg 95059725, hjarteleg velkomne!

 

Ystekurs

Frå torsdag til laurdag har eg vore på ystekurs i Seljord med Pascale og ikkje minst fleire andre ysterar. Det var svært nyttig og inspirerande. No skal eg prøve å få til mykje betre knaost. Knaost skal vera så god at du et eit halvt beger i slengen! Knaosten er desverre endå ikkje heilt på topp, men budeia prøvar kvar dag!

Sist oppdatert (torsdag 22. juli 2010 20:27)

 
Flere artikler …